Avdalen gard

Avdalen Gard er ein flott plassert fjellgard i Utladalen, som ligg like ovanfor den spektakulære Avdalsfossen.
Garden er fint restaurert både med hus og kulturlandskap, og vert i dag drifta av Stiftinga Avdalen Gard. Stiftinga sitt styre er sett saman av representantar frå grunneigarane, familie, eldsjeler og bygdefolk som alle brenn for Avdalen og Utladalen på kvar sine vis. Arbeidet dei har lagt ned er grunngjevande for at Avdalen Gard i dag kan vera open og tilgjengeleg for turfolk som ønskjer overnatting. 

Avdalen Gard er betjent i sommarsesongen frå slutten av juni til byrjinga av september. Utanom sesongen er eine stabburet ubetjent (DNT nøkkel). Ein kan leige seg inn i hovudhuset heile året ved å kontakta Stiftinga Avdalen Gard på tlf + 47 915 67 924.

BOOKING

BOOKING

HISTORIE

HISTORIE

Turforslag

Turforslag

Galleri