Hurrungane

stølsmaradalstind

Stølsmaradalstind er det fullt mogleg å nå frå Avdalen, men det er ein dryg tur på somarstid. På vinteren på ski er turen meir overkommeleg, men terrenget er bratt og utsett - så ein bør vurdera skredforholda før ein legg ut på denne turen. Turen er noko kortare som dagstur frå Stølsmaradalen på somaren.

Stølsmaradalstind

 

Store Austanbotntind

På biletet nedanfor ser du Austanbotntindane med Utladalen i bakgrunnen. Dette biletet er teke frå Ringsbreen. Denne toppen når du nok enklast frå Tindevegen over Berdalsbandet, men krevjer noko sikringsutstyr. Fjellførar kan ein hyra frå til dømes Bre og Fjell dersom ein ønskjer guide til toppen. 
 

Austanbotntindane

 

Store soleiebotntind

Den enklaste toppen å bestiga i Hurrungane er Store Soleiebotntind, som kan nåast enkelt frå Tindevegen over Berdalsbandet. Denne turen gir eit fantastisk utsyn inn til dei ville Hurrungane.

Store ringstind

Ein annan fantastisk tur i Hurrungane er ein vårskitur til Ringstind via Ringsdalen. Ringstind er litt vanskeleg tilgjengeleg på sommaren på grunn av ein krevjande bre, men i flotte maihelger kan det bli verkeleg folksamt på veg opp til toppen.

Utsikt fra Ringstind mot Stølsnostind og Falketind

 

Store Skagastølstind sett fra Ringstind

 
 

Gravdalen setergrend

Vakkert og trolsk i Gravdalen

Vakkert og trolsk i Gravdalen

Gravdalen var tidlegare seter til Avdalen, og ligg ein times tid opp i fjellet vest for Avdalen.
 

Turen følgjer ruta mot Stølsmaradalen fram til stiskiljet. Vår rute tek av til venstre og går først forbi Vårstølen. Hit reiste ein først til seters med dyra på vårparten. Vidare jamt bratt oppover til terrenget opner seg og du ser dei vakre setervollane i Gravdalen.
 

I det øvste selet kan du overnatta (ikke proviant). Selet er låst med standard DNT-lås.

Stølsmaradalen/Vetti

Turen følgjer den gamle stølsstien bratt opp fra Avdalen under Fuglenosi. Flott utsikt innover Utladalen. På vegen vil du finna fleire gamle furutre som vart øydelagde av fluorgass frå Årdal Verk på 50- og 60-talet. Heldigvis er utsleppa uproblematiske i dag - grunna strengare reguleringar for utslepp, men furuskogen som ein gong var stod ikkje til å redda. I dag står dei daude furutrea som monument over ein del av industrihistoria som Årdal og andre har teke lærdom frå. 

Sela i Stølsmaradalen.

På vegen bortover Brendeteigen har du panoramautsikt mot Utladalen og Vettisfossen.

Stølsmaradalen er truleg DNT si flottaste hytte dersom ein let beliggenheita bestemma. Hytta er ubetjent (låst med DNT standardnøkkel).

 

Stølsmaradalen er ein frodig dal der den flotte Tyrihjelmen trivst godt.

 

Fra Stølsmaradalen går det bratt ned Brendeteigen over ein luftig klopp der ein passerer Utla. Herfra kan du ta ein liten avstikkar inn til foten av Vettisfossen. Derifrå går du forbi Vetti Gard og langs dugnadsvegen ned til Hjelle.