Hurrungane

stølsmaradalstind

Stølsmaradalstind er det fullt mogleg å nå frå Avdalen, men det er ein dryg tur på somarstid. På vinteren på ski er turen meir overkommeleg, men terrenget er bratt og utsett - så ein bør vurdera skredforholda før ein legg ut på denne turen. Turen er noko kortare som dagstur frå Stølsmaradalen på somaren.

Stølsmaradalstind

 

Store Austanbotntind

På biletet nedanfor ser du Austanbotntindane med Utladalen i bakgrunnen. Dette biletet er teke frå Ringsbreen. Denne toppen når du nok enklast frå Tindevegen over Berdalsbandet, men krevjer noko sikringsutstyr. Fjellførar kan ein hyra frå til dømes Bre og Fjell dersom ein ønskjer guide til toppen. 
 

Austanbotntindane

 

Store soleiebotntind

Den enklaste toppen å bestiga i Hurrungane er Store Soleiebotntind, som kan nåast enkelt frå Tindevegen over Berdalsbandet. Denne turen gir eit fantastisk utsyn inn til dei ville Hurrungane.

Store ringstind

Ein annan fantastisk tur i Hurrungane er ein vårskitur til Ringstind via Ringsdalen. Ringstind er litt vanskeleg tilgjengeleg på sommaren på grunn av ein krevjande bre, men i flotte maihelger kan det bli verkeleg folksamt på veg opp til toppen.

Utsikt fra Ringstind mot Stølsnostind og Falketind

 

Store Skagastølstind sett fra Ringstind