Stølsmaradalen/Vetti

Turen følgjer den gamle stølsstien bratt opp fra Avdalen under Fuglenosi. Flott utsikt innover Utladalen. På vegen vil du finna fleire gamle furutre som vart øydelagde av fluorgass frå Årdal Verk på 50- og 60-talet. Heldigvis er utsleppa uproblematiske i dag - grunna strengare reguleringar for utslepp, men furuskogen som ein gong var stod ikkje til å redda. I dag står dei daude furutrea som monument over ein del av industrihistoria som Årdal og andre har teke lærdom frå. 

Sela i Stølsmaradalen.

På vegen bortover Brendeteigen har du panoramautsikt mot Utladalen og Vettisfossen.

Stølsmaradalen er truleg DNT si flottaste hytte dersom ein let beliggenheita bestemma. Hytta er ubetjent (låst med DNT standardnøkkel).

 

Stølsmaradalen er ein frodig dal der den flotte Tyrihjelmen trivst godt.

 

Fra Stølsmaradalen går det bratt ned Brendeteigen over ein luftig klopp der ein passerer Utla. Herfra kan du ta ein liten avstikkar inn til foten av Vettisfossen. Derifrå går du forbi Vetti Gard og langs dugnadsvegen ned til Hjelle.