Utladalen

Utladalen er Sognefjorden si naturlege forlenging inn i Jotunheimen. Dalen er også ein innfallsport til den ville Vest-Jotunheimen.

Rundt Utladalen ligg det høgastliggjande fjellpartiet i Noreg, med mange toppar på over 2000 meter. Hurrungane, den villaste tinderekka norske fjell kan by på og den norske fjellklatringa si vogge, ligg her. Går du ein tur gjennom Utladalen ein varm sommardag, vil du finna det så frodig at det minner om sydlegare breiddegrader, samtidig som høgfjellet med is og snø ligg innanfor rekkevidde.

Utladalen og dei nærliggjande fjellområda vart verna som landskapsvernområde i 1980, samtidig som Jotunheimen nasjonalpark vart oppretta.
 

Kulturhistorie

Dalen og landskapet er vilt, men her har folk budd i generasjonar både nede i dalbotnen og oppe i dei stupbratte sidene. Vormeli - av mange sett på som den mest utilgjengelege garden i landet - ligg her. I dag er det stort sett slutt både på gardsdrift og støling i Utladalen, men dei siste 20 åra har brukarane sett i stand bygningar på stølar og gardsbruk i Vormeli, Stølsmaradalen, Fleskedalen, Vettismorki, Vetti, Gravdalen, Avdalen, Skåri og Hjelledalen.

Men det er ikkje berre bygningar som vert restaurerte. I 1995 vart arbeidet med skjøtselsplanen sett i gang, og det vart innleigd mannskap til å utføra det praktiske arbeidet. I 1998 vart arbeidet med skjøtselsplanen fullført, og planen vert fulgt til punkt og prikke den dag i dag - noko som gjer at kulturlandskapet vert halde i hevd av både innleigde beitedyr og mannskap kvar einaste somar. Arbeidet er det Utladalen Naturhus som utfører på oppdrag for Statens Naturoppsyn. Utladalen Naturhus har også ansvar for Vormeli. Ansvarleg her er Ole Magnar Nundal, som de kan kontakta på tlf +47 959 97 045 dersom de har spørsmål eller ønskjer å overnatta der. 

 

Vettisfossen

Vettisfossen, med sitt 275 meter høge vassfall, er Nord-Europas høgaste. Vettisfossen har blitt kåra til Noregs vakraste foss - og det seier me oss ikkje usamde i! Tek du turen inn til Vetti, må du og ta deg ein tur inn til fossen og kjenne kreftene fra vannmassane. Ovanfor Vettisfossen finn du Vettismorki, der furuskogen blei øydelagd av fluorrøyken fra ÅSV på 60-talet. Fluorlukta er no borte, men furuskogen på Vettismorki slit med å overleva. På setra finn du den ubetjent turistforeiningshytta Ingjerdbu. Vetti Gard Turiststasjon er også open for overnatting heile somarsesongen.

Vetti

Vetti Gard har husa besøkande i dalen heilt sidan 1870 åra. Her har kjentfolk som Slingsby, Grieg, Nansen og Dronning Sonja opphalde seg. Den svært sjukdomsråka Edvard Grieg meinte han blei 10 år yngre for kvar gong han fekk koma til Vetti, og fleire av verka hans var inspirert av naturen i Utladalen.

Dei fyrste sikre kjeldene om busetnad på Vetti skriv seg frå 1120. Sidan 1775 har garden tilhøyrt noverande familie. I 1985 flytta brukarane frå Vetti, men på sommaren vert garden driven som turiststasjon med overnatting og servering til turfolket.

Langs Utla er det ikkje så lett å ta seg fram, men turen til Skogadalsbøen eller Stølsmaradalen gir deg naturopplevingar du ikkje vil gløyme, og på Skogadalsbøen møter du eit ungt vertskap frå Årdal som meir enn gjerne tek i mot deg for overnatting og god mat på turen innover i fjellet.