Historie

Avdalen gard

Foto: Stiftinga Avdalen Gard

Det heiter seg at garden vart rydda på slutten av 1500-talet. Dei fyrste brukarane av garden kom frå nabokommunen Luster. Kjell i Affedalen fra Fortun er nemnd som fyrste brukar av garden i 1598. Garden er fyrste gong nemt i kjelder i 1603 og 1611 under namnet Affuedall, Attdall i 1666 og Afdahlen i 1723. Namnet kjem av at det er ein "afsidesliggende dal" (Ivar Aasen).

Det var på det meste to husmannsplassar og to stølar på eigedomen som ialt er på 23.000 dekar. Største delen av garden er fjellareal. Heime- og fjellstølen var Vårstølen og Gravdalen.

Innmarka er på mellom 40 og 50 dekar. Tunet er eit rekkjetun med ialt sju bygningar langs ei tungate, geil. Husa ligg godt i landskapet 380 m.o.h., og det vert hevda at byggeskikken i Utladalen er påvirka austafrå, då våningshusa i Avdalen og på Hagaberg har akershusisk stoveform.

Eit godt bruk

Sjølve garden var rekna som god, både når det galdt beite og åkerland, men her har vore mykje slit og mange tunge løft. Den bratte bergjorda er sørvestvendt, og sola er borte tre veker før jul og tre veker etter jul, medan den er vekke atten veker i Øvre Årdal. Her vart det dyrka både bygg og havre på 12 småe åkerlappar (Matrikkelen av 1763) spreidd rundt i den omlag 40 dekar store innmarka som er avgrensa mot utmark av steingardar. Det hendte aldri at kornet fraus i Avdalen. I 1818 var lærdalspresten U.F. Bøyesen på besøk, og gav en dramatisk skildring av plassen.

Vatnet har også vore ein betydeleg ressurs for garden. Forbi Avdalen går Avdalselvi, som kjem fra Gravdalen og Slufsedalen. Elva går i fossestryk frå dei to elvane møtest i Åmotet ved Vårstølen. Elva renn ut i den 183 meter høge Avdals-fossen. åkrar og engareale har fått tilført nok væte frå elva. Frå kvernhuset ved Avdøla som ligg like i øverkant av innmarka vart vatnet leda i vatningsveiter ned på jordene.

Garden hadde og flott og lett tilgjengeleg furuskog og her har vore to oppgangs-sager hvorav ein kan sjå restar av den eine. Fyrste saga stod ved stovehuset på Hagaberg, den andre, den ein kan sjå restar av i dag, ligg ved Kalvedalen i Furuhaugen, ikkje så langt frå Hagaberg.

Vanleg buskap var på det meste litt over 50 geiter og seks vaksne kyr, pluss to til tre vetrongar (ungdyr), to kalvar og ein okse, to griser og seks høns. Hesten Jakob, ein fjording, hadde brukarane saman med gardsbruket Trondteigen lenger heime i Utladalen. Husmannsplassen Hagaberg hadde omlag 30 geiter, to kyr, ein vetrong, pluss nokre kalvar, ein gris og nokre høner. Det som er litt spesiellt i Avdalen er dei mange namna i inn- og utmark. Det ser ikkje ut til at det skulle store teigen eller rusta til før plassen fekk sitt namn, og namnet har som regel stor tilknytning til plassen og vitnar ofte om korleis naturgrunnlaget vart utnytta.

Vegen

Den einbølte fjellgarden ligg brattlendt til, oppe på ein avsats over Utladalem Tilkomsten var vanskeleg og tildels farleg før det vart bygd ny kløvveg opp den bratte lisida lenger inne i dalen rundt siste århundreskiftet. Gamlevegen, Avdalsskori, går opp frå plassen Skåri og opp i bratte fjellveggen via ei renne i fjellet. Renna er omlag eit par meter breid og 300 meter lang.

Foto: Rigmor Solem

Dette var gardsvegen og dette var vegen til støls og fjells med krøttera for brukarane nede på Skåri. For å kome fram til tunet i Avdalen kryssa denne stien den strie Avdøla, like ovafor der elva styrtar ned fjellsida i den 173 meter høge Avdalstossen. Den fyrste vegsaka, søknad om tilskot til vegarbeid, kom fra folket i Avdalen: "Me har før nemnt den fyrste vegsaka, søknad (1864) frå Olav N. Skår og Sylfest 0. Avdal om tilskot til vegarbeid i Avdalsskori. Søknaden vart send fylket med tilråding om stønad. Men me har ikkje sett noko som tyder på at søknaden vart stetta... "" (Bygdebok for Årdal, band 1, s 724).

Avdalen og Hagaberg, saman med Vetti fekk elektrisk straum i 1947. Før den tid var det parafinlampa som var lyskjelda.

Bernt Avdal, som var son til Kari og Peder Volldal (Avdal), tok over garden i 1950. Peder og Kari hadde eigd garden frå 1922.

I Avdalen vart det siste bornet fødd i 1949 og garden blei fråflytta hausten 1962.

 

Husmannsplassane

Foto: Torunn Todal Laberg

Avdalen hadde to husmannsplassar, Hagaberg som ligg 1 km nedanfor gardshusa i Avdalen, og plassen Kvile, ca. 200 meter ovanfor hovudbruket. På husmannsplassen Kvile står det berre murane igjen. Like ved ligg ei løe av nyare dato med ein inngjerda slåttekve. På Kvile budde ein som dei kalla Erik i Feiga. Han kom frå Feigum i Luster.

På Hagaberg var og ein god del dyr, men her var ikkje så gode grasavlingar da ein kunne få ein del "skining" (svi-vokster) nær sva. Litt myrete var det også aust for husa. Beste fôret fekk dei tak i med stuttorv lenger unna husa i små skårer. Dei lauva og ein del. Hagaberg vart fråflytta hausten 1950.

Stovehuset på Hagaberg, 3l5 m o.h, har stått som glashus oppe i Avdalen, og vart flytta til Hagaberg i ca. 1890. Før den tid hadde det stått eit eittroms hus her. Det er det same huset som i dag står på Skåri. Dette huset blir rekna som det eldste attståande huset i Årdal. Huset blei flytta frå Hagaberg og ned til Skåri.

Stabburet på Skåri

Stabburet på Skåri er den tidligere stova på husmannsplassen Hagaberg. I utstillingen i Utladalen naturhus er vist et rekonstruksjonsforsøk av stabburet slik det må ha sett ut da det ble brukt som stove. Det budde i si tid 7 menneske i denne eittroms-stova som i 1910 vart flytt ned til Skåri og bygd om til stabbur. Dei nedste tømmeromfara vart då fjerna.

Folka som budde på Hagaberg, var seks sysken. Av dei var fem stykke fødde på Hagaberg i perioden fra 1890 - 1905. Ei jente var fødd på Gravdalen.

På Hagaberg levde til 1915 den siste her i landet som var spedalsk. Ho fekk bu heime, men måtte vere isolert i eit eige rom. På dette rommet sat ho berre når det kom besøk frå sjukehuset for å sjekke forholda. Da kom det ilbod opp frå bygda om at kontrollen var i anmarsj. Hagaberg blei fråflytta hausten 1950.

Kjelde: Solem, Rigmor, "Rapport om Skåri"