Vertskap Avdal gard
Vi søker etter vertskap ved Avdal Gard sesongen 2023 (15. juni – 15. september). Vi treng deg/dykk som vil gje våre gjester gode opplevingar i eit unikt naturlandskap i Utladalen i Årdal kommune. Utladalen er inngangen til Vest-Jotunheimen frå sørvest, og utgangspunkt for mange turar til fjells.
Avdal gard er ein gammal høgdegard ved den 173 meter høge Avdalsfossen omkransa av eit tradisjonelt kulturlandskap.
Fram til Avdal gard kjem du ikkje med bil, men via ein lett tilgjengeleg kløvsti som tek av ved vegen inn til Vetti og Vettisfossen. Det er taubane opp lia for transport av varer.
Garden har 25 sengar fordelt i fleire bygningar på tunet. Det er innlagt vatn og straum.
Vi ønsker at vårt vertskap skal:
- Vere opptekne av service og god kundebehandling.
- Ha evne og vilje til å stå på i periodar med mange gjester.
- Kunne lage og servere gode måltid til gjestene på turisthytta.
- Ha erfaring med turistdrift, reiseliv o.l.
Om arbeidsgjevaren: Stiftinga Avdal gard har sidan 1991 hatt ansvar for å restaurere og drive Avdal gard etter at garden vart fråflytta av familien Avdal i 1962.
Stiftigna blir leia av eit styre / dugnadsgjeng som beståande av 5 personar.
Vidare opplysningar om stillinga kan rettast til styreleiar
Petter Løvdahl, tlf nr: 915 67 924
Søknadsfrist: 15. februar 2023
Send søknad til: post@avdalen.no