Gravdalen setergrend

Fotogalleri: Ole Magnar Nundal/Bulder & Brak Opplevingar

Gravdalen var tidlegare seter til Avdalen, og ligg ein times tid opp i fjellet vest for Avdalen. Turen følgjer ruta mot Stølsmaradalen fram til stiskiljet. Vår rute tek av til venstre og går først forbi Vårstølen. Hit reiste ein først til seters med dyra på vårparten. Vidare jamt bratt oppover til terrenget opnar seg og du ser dei vakre setervollane i Gravdalen. Ein draum av ein plass både somarstid og vinterstid, og eit flott utgangspunkt for turar vidare innover mot Hurrungane. 
 

I det øvste selet kan du overnatta (ikkje proviant). Selet er låst med standard DNT-lås.